Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Nordøyvegen er meir enn eit samferdselsprosjekt. Det er eit løft for lokalsamfunn, næringsliv og framtidig utvikling i eit øysamfunn i Møre og Romsdal, men store investeringar fører ofte med seg store kostnader, og det er nettopp korleis desse kostnadene skal fordelast, vi skal diskutere her i dag. Dette er eit fylkeskommunalt prosjekt, der Møre og Romsdal fylkeskommune er både vegeigar og garantist for bompengelånet. Då må vi òg ta på alvor prinsippa om lokalt og regionalt sjølvstyre. Dei som står nærmast utfordringane, må ha reell moglegheit til å finne gode løysingar. Det inneber at fylkeskommunen må justere takstnivå og innkrevjingsopplegg så lenge det skjer innanfor forsvarlege økonomiske rammer og er forankra i lokale vedtak. Senterpartiet har vist vilje til å bidra til å dempe kostnadstrykket ved å løyvde 160 mill. kr i rentekompensasjonsmidlar i 2024 og 2025 for å dekkje desse auka kapitalkostnadene. Dette understrekar at staten har eit medansvar for å sikre berekraftige løysingar i ferjeavløysingsprosjekt. For mange brukarar er dagens bompengebelastning krevjande. I distrikta er bilen ei nødvendigheit, ikkje eit alternativ. Difor må vi sjå på tiltak som kan gjere kvardagen lettare for folk. Ei forlenga innkrevjingstid er eit slikt tiltak. Ved å fordele kostnadene over fleire år kan vi redusere den månadlege belastninga, få lågare takstar og samtidig senkje passeringstaket utan å svekkje økonomien i prosjektet. Særleg viktig er det å få redusert passeringstaket frå 40 til 20 per månad. Eit så høgt tak som 40 rammar i praksis pendlarar og familiar som er heilt avhengige av å bruke vegen dagleg. Ved å halvere passeringstaket kan vi skjerme dei hyppigaste brukarane mot urimeleg høge kostnader. Dette gjev ei meir sosialt rettferdig ordning, og det gjer at dei som reiser oftast, ikkje vert straffa økonomisk for det. Samtidig vil eit lågare tak kunne gjere husøkonomien meir føreseieleg og ikkje minst bidra til auka legitimitet for bompengeordninga. Nordøyvegen er eit viktig prosjekt som har kome på plass. Vi er villige til å finne løysingar, og difor fremjar vi i Senterpartiet forslag om å redusere bompasseringane ned til 20, og om lokale moglegheiter for å finne gode løysingar. Eg tek opp Senterpartiet sine forslag.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
