Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Dette er eit fylkeskommunalt vegprosjekt som har vore ein veldig bra suksess. Forslaget frå Senterpartiet opnar opp for at det kan takast initiativ frå fylkeskommunen. Slik eg kjenner til det, gjekk Møre og Romsdal fylkeskommune med eit godt overskot i år, og her kan jo f.eks. fylkestinget vel å bruke delar av det overskotet til å betale ned ein del av bompengegjelda og leggje til rette for at passeringstaket kan gå ned frå 40 til 20, som vil vere veldig kjærkome for familiar og næringsliv. Ser statsråden på forslaget frå Senterpartiet som fornuftig å få gjennomslag for i dag, nettopp å kunne gjere dei tiltaka for Møre og Romsdal fylkeskommune, altså at Stortinget no seier det er greitt at ein lokalpolitisk kan gjere det på den måten, og at fylkestinget då har ein brei meny?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
