Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 5. mai 2026

Geir Inge Lien
Geir Inge Lien
Senterpartiet·Møre og Romsdal

SakMøte tirsdag den 5. mai 2026 kl. 10

Innlegget

Det viser seg no at dette har vore ei god investering for Møre og Romsdal fylkeskommune. Fleire ferjer har vore lagt ned, og det er god økonomi i både ferjeavløysingmidlane og ikkje minst dei rentekompensasjonsmidlane som kom på 160 mill. kr, som har vore kjærkomne for fylket. Det viser seg no at prosjektet er veldig bra for fylkeskommunen, og vi ser òg av driftsresultata at fylkeskommunen har gått veldig godt. Av det statsråden seier, er det som om han spør kva ein skal ta først, høna eller egget, men for oss i Senterpartiet har det vore veldig tydelege signal frå Møre og Romsdal fylke, både ved fylkesordførar og fylkestingsrepresentantar, på at dette er ein vilja politikk frå dei, og at dei ønskjer å få til ei løysing, gjerne ved at staten tek rekninga. Vi ser at staten her har bidratt stort, men vi i Senterpartiet ønskjer no å leggje til rette for at innbyggjarane og næringslivet skal kunne få lov til å få gode rammer i framtida og billigare og betre løysingar. Vil forslaget frå Senterpartiet vere noko statsråden synest er fornuftig – ja eller nei?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat