Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Dette er ei utruleg viktig sak for dei det gjeld, og for utviklinga av eit øysamfunn. Det er ikkje tvil om at vi i Senterpartiet er opptekne av denne saka, og òg ønskjer å få gjort noko med passeringstaket og få senka det frå 40 til 20. Det har vi i vårt forslag – vi har ein brei meny. Saka om Nordøyvegen viser at vi treng å løfte blikket. Korleis kan vi forbetre finansieringsmodellen for bompengeprosjekt generelt? Kan bruk av statlege garantiar, meir fleksibel førehandsinnkrevjing og rett val av lånetype, som annuitetslån framfor serielån f.eks., bidra til jamnare belastning og lågare risiko for fylkeskommunen? I vårt forslag legg vi opp til ein brei meny som fylkeskommunen kan ta av. Fylkeskommunen har i år hatt eit godt overskot og kan velje å bruke ein del av det til å betale ned på gjelda. Det gjer at ein slepp å forlengje innkrevjingsperioden, som det her vert lagt opp til, men ein kan sjå på passeringstaket, som er viktig for innbyggjarane. Dette handlar om å finne betre balanse – mellom stat og region, mellom investering og belastning og mellom økonomisk ansvarlegheit og kvardagen til folk. Difor synest vi i Senterpartiet at det å kunne leggje opp til ei forlengd innkrevjingstid er ein måte å gjere det på – eller at fylkeskommunen kan betale ned gjelda si, det er òg ein god måte. I tillegg til det er vi veldig opptekne av at det må kunne gå an å få til inntil 20 passeringar per månad. Ved å gjere dei grepa trur vi at det vil verte auka trafikkvekst lokalt. Dette er konkrete grep som vil gjere viktige investeringar meir berekraftige og meir rettferdige for dei som faktisk brukar vegen.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
