Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 5. mai 2026

Geir Inge Lien
Geir Inge Lien
Senterpartiet·Møre og Romsdal

SakInnstilling fra transport- og kommunikasjonskomiteen om Representantforslag frå stortingsrepresentantane Sylvi Listhaug, Frank Edvard Sve, Joakim Myklebost Tangen, Monica Molvær og Harry Valderhaug om redusert bompengebelastning på Nordøyvegen (Innst. 222 S (2025–2026), jf. Dokument 8:131 S (2025–2026))

Innlegget

Senterpartiet har kome med eit konkret forslag som ligg på bordet, som det er mogleg for både representanten Frank Edvard Sve og Framstegspartiet å støtte. Det går på eit tak på 20 passeringar. Stortinget viser vilje til å kunne gjere dei grepa, og eg tenkjer at her er både FrP, Høgre og KrF velkomne til å støtte Senterpartiet, som har ein brei meny for å få til gode tiltak med lokalpolitisk forankring. Eg meiner, når eg høyrer debatten her i salen i dag, at det er eit fleirtal for å kunne sjå på det, og då må fylkeskommunen ta det initiativet og kome tilbake til Stortinget og be om å verte høyrde i saka. Det er iallfall, slik eg forstår det, eit godt og reelt fleirtal for å kunne få orden på saka, men då må fylkeskommunen og det borgarlege styret der ta initiativ.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat