Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Nordøyvegen er eit fantastisk prosjekt. Bruer og tunellar har bunde saman Nordøyane og Nordre-Sunnmøre. Det har skapt nye moglegheiter, styrkt beredskapen og gjort kvardagen enklare for mange. Så kjem spørsmålet: Kva hjelper det med ny veg dersom rekninga vert for tung å bere? Det er nettopp det denne saka handlar om. For folk på Nordøyane er bompengebelastninga vorten for høg – for høg for familiar, for høg for pendlarar og for høg for næringslivet, som skal skape verdiar langs kysten vår. Det var ikkje det folk sa ja til. Det var ikkje dette som var føresetnaden då prosjektet vart vedteke. Når vi er komne dit, må vi våge å gjere noko med det. Dette forslaget er ikkje dramatisk. Det er ikkje uansvarleg. Det handlar om å bruke sunn fornuft – setje eit tak på 20 passeringar i månaden og gå i dialog med fylkeskommunen og sjå på ei løysing som gjev lågare belastning utan å velte heile prosjektet. Det er rett og slett eit godt og forsvarleg forslag for å gjenopprette balansen. Vi skal sjølvsagt ha respekt for at bompengeprosjekt byggjer på lokale vedtak, men respekten må gå begge vegar. Når føresetnadene endrar seg, når belastninga vert langt høgare enn det folk opplever at dei sa ja til, må også staten vere villig til å stille opp og justere kursen. Dette handlar difor også om tillit – tillit til systemet, tillit til at når vi byggjer veg i Noreg, gjer vi det på ein måte folk kan leve med, ikkje berre på opningsdagen, men også i åra etterpå. Nordøyvegen har eit godt trafikkgrunnlag. Lågare takstar kan faktisk gje meir trafikk og betre økonomien i prosjektet over tid. Det handlar altså ikkje berre om å ta folk på alvor. Det er også ei god løysing for alle. Kristeleg Folkeparti stiller opp og er med på dette representantforslaget fordi det tek på alvor kvardagen til folk, familiar, frivillige og bedrifter på Nordøyane. Vi meiner det er riktig å be regjeringa gå i dialog med fylkeskommunen og kome tilbake med ei løysing som faktisk lettar belastinga, for gode vegar skal binde folk saman, ikkje presse dei frå kvarandre økonomisk. (Innlegg er under arbeid)
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
