Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 5. mai 2026

Helge André Njåstad
Helge André Njåstad
Fremskrittspartiet·Hordaland

SakMøte tirsdag den 5. mai 2026 kl. 10

Innlegget

Debatt om strandsone og realpolitikk engasjerer. Eg kjem nettopp frå landsmøtet i Framstegspartiet, og eg kan fortelja at omtrent halvparten av alle innlegg i den generelle politiske debatten handla om arealpolitikk og ein følelse av at staten og statsforvaltarane overstyrer lokaldemokratiet og stikk kjeppar i hjula for lokalpolitikarar som ønskjer utvikling og vekst i kommunen sin. Det er veldig hyggjeleg å kunna koma rett frå FrP-landsmøtet til denne salen og kunna ta med oss dei innspela vi har fått frå lokalpolitikarane våre om at me må stola meir på at dei som er folkevalde i ein kommune, veit best korleis ein skal planleggja i ein kommune. Statsforvaltaren var den som fekk mest kjeft på landsmøtet vårt. Vår eigen statsforvaltar i Vestland sa ein gong at ein ikkje må skyta på pianisten, men på dei som har laga notane. Då skal eg gjera det, og dei som har laga notane som statsforvaltaren styrer etter, er denne salen og regjeringa. Det er alle vedtaka som blir gjorde herifrå i form av lov som gjer at statsforvaltaren må vera kritisk, fremja motsegner og vera vanskeleg. Det er alle rundskriva frå regjeringa, tolkingar, forventingar osv. som gjer at det er vanskeleg både å vera statsforvaltar og å vera lokalpolitikar, for styringstrykket frå denne salen, fleirtalspartia i denne salen, og regjeringa er for stort. Eit eksempel er f.eks. det som skjedde i 2021, då ein endra plan- og bygningsloven § 19-2 og sa at no skulle dispensasjonar vera meir på den juridiske banehalvdelen, det skulle vera ein diskusjon med juridiske fagfolk og mindre sunn fornuft og folkevald styring i kommunane. Høgsterett stadfesta den praksisen, og det viste jo at Framstegspartiet, som åtvara mot dette i 2021, hadde rett. For no vart dispensasjonsføresegna meir ein fagleg, juridisk diskusjon, og det vart i liten grad ei sunn-fornuft-føresegn, som me meinte hadde vore det aller beste. Elles er strandsonereglane heilt openbert laga med Oslo-briller. Ein har ikkje sett vestlandskysten eller Nord-Noreg når ein har laga regelverket; ein har sete inne i Oslofjorden og laga eit regelverk. Berre det at ein kallar det for strandsone – det er jo ikkje sånn me vestlendingar ser på det, at det er ei strandsone der ein kan sitja og grilla og utøva friluftsliv. I all hovudsak er det haug og hamar og utilgjengeleg for folk – med mindre ein legg til rette og byggjer noko der. Det er heilt openbert at regelverket er laga med Oslo-briller. Difor er me glade for at det no ser ut til å vera eit fleirtal som støttar Framstegspartiet, Høgre, Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti sitt forslag om at ein skal sjå på 19-2-paragrafen, som no er vorten heilt rigid og sørgjer for at lokalpolitikarane ikkje får det handlingsrommet som me meiner dei burde ha hatt. Med det tek eg opp dei forslaga som Framstegspartiet står bak.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat