Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Eg er einig i at det kanskje ikkje er så veldig fruktbart at eg og statsråden skal dela vår tru, så då skal eg heller dela fakta. Eg har delteke i ei rekkje sånne møter og kan formidla at statsforvaltaren har ei heilt anna tilnærming til kommunane sitt handlingsrom enn det statsråden gjev uttrykk for frå talarstolen. Når ein møter statlege byråkratar på regionalt nivå, er ein veldig oppteken av sin sektor og veldig opptatt av å formidla at kommunane har lite handlingsrom. Så her er det openbert ein stor forskjell mellom det som representantar frå regjeringspartia seier frå talarstolen at kommunane har moglegheit til, og det som faktisk er mogleg å få til gjennom dialogen med den regionale stat. Då er spørsmålet: Vil statsråden formidla til statsforvaltarane det han faktisk seier frå talarstolen, at kommunane har planmyndigheita og skal få lov å leggja gode planar i sine eigne kommunar? Eller skal me fortsetja å ha det sånn at statsforvaltarane har sin praksis lokalt, og at statsforvaltaren gjev uttrykk for at kommunane har eit heilt anna handlingsrom sentralt?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
