Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 5. mai 2026

Helge André Njåstad
Helge André Njåstad
Fremskrittspartiet·Hordaland

SakMøte tirsdag den 5. mai 2026 kl. 10

Innlegget

Eg trur ikkje statsråden skal slå seg på brystet med at det at det er 13 saker er uttrykk for at det er lite konflikt. Eg trur heller det er uttrykk for at det er ei haldning ute i kommunane at ein nesten gjev opp. Eg har sjølv vore til stades på eit planforum, ein type ordning der fylkeskommunen kalla inn, og eg må seia at det var nokre av dei tøffaste to timane eg har hatt. Eg har aldri høyrt på så lite lokalt sjølvstyre, men det har vore formaningar om planvask, om å seia nei, og om statlege retningslinjer, mobilitet og det eine med det andre – og me sat igjen med: Kva er igjen av det lokalpolitiske handlingsrommet? Det er nesten ingen verdas ting, fordi alt skal utgreiast i dyre domar, og ting tek tid. Så eg håpar verkeleg at statsråden tek med seg signala som eg fekk på vårt landsmøte. Våre lokalpolitikarar er frustrerte over den situasjonen, og eg trur faktisk, når eg snakkar med folk frå andre parti, at dei er like frustrerte. Så eg håpar at regjeringa følgjer opp dette med at statsforvaltaren og dei andre instansane berre ser sin sektor – dei ser ikkje heilskapen og ser ikkje lokaldemokratiet.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat