Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 5. mai 2026

Helge André Njåstad
Helge André Njåstad
Fremskrittspartiet·Hordaland

SakMøte tirsdag den 5. mai 2026 kl. 10

Innlegget

Takk til representanten Vestenfor frå Arbeidarpartiet, som eigentleg bekreftar det eg sa om den frustrasjonen som er i alle parti som sit i kommunestyre. Ein føler at statens representantar i kvart enkelt valdistrikt og fylke ikkje ser det store bildet, men berre sitt rundskriv og sin del. Me fekk eit veldig godt eksempel på vårt landsmøte. Eg håpar statsråden følgde det nøye. Det handlar om eit stort næringsområde i Bjørnafjorden kommune. Ein skulle utvida eit næringsområde, men på grunn av avrenning til eit elveløp der det var tre elvemuslingar, fekk ein motsegn og tommelen ned frå statsforvaltaren. Sjølv om det i nabovassdraget var langt fleire elvemuslingar, levedyktige og med gode vilkår, skal ein altså ta omsyn til dei tre som nesten ikkje har livets rett lenger, og sjølv om det stoppar stor næringsutvikling. Slikt ser folk på som veldig meiningslaust, og det er dette som er kjernen i problemet. Ein har ikkje evna til å heva terskelen for når staten skal gå inn og fremja motsegn og laga vanskelegheiter for kommunane. Det hadde vore veldig ønskjeleg om den samordninga som skjer i Kommunaldepartementet, og det store bildet ein ser der, vart gjeldande hos statsforvaltarane, og at ein kunne avskjera moglegheita for enkeltavdelingar og enkeltsaksbehandlarar til å fremja motsegn og laga vanskelegheiter. Frustrasjonen over at handlingsrommet er for lite, trur eg er tverrpolitisk blant alle lokalpolitikarar. Så har me den andre føresegna, som gjeld dispensasjonar. Eg synest det er veldig interessant å høyra at Høgre seier dei stemte for det i 2021, og no argumenterer veldig godt for kvifor det var så dumt, det forslaget dei sjølv stemte for. Ikkje berre stemte dei for det – dei greidde det ut og fremja det for Stortinget. Den gongen var det berre Framstegspartiet som åtvara mot det me no ser resultatet av. Dispensasjonar må vera som ein sikkerheitsventil. Det skal ikkje vera hovudregelen. Det skal vera plansporet. Det meiner me òg, men me meiner det skal vera ein sikkerheitsventil ein kan bruka lokalpolitisk når ein politisk synest det er grunn til det. Det har no vorte slik at det må vera ein juridisk grunn til å gje dispensasjon, og den terskelen har alle parti, bortsett frå Framstegspartiet, ansvaret for å ha påført lokaldemokratiet i Noreg. Det er ikkje lenger mogleg å gje dispensasjon berre fordi ein politisk meiner det er riktig. No må vilkåra òg vera oppfylte juridisk. Difor har ein flytta makt frå folkevalde til juristar i norske kommunar. Forslaget kom frå Høgre, og det fekk tilslutning frå alle andre parti – alle andre enn Framstegspartiet. Difor er frustrasjonen så stor som han er i dag.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat