Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 5. mai 2026

Ingrid Fiskaa
Ingrid Fiskaa
Sosialistisk Venstreparti·Rogaland

SakMøte tirsdag den 5. mai 2026 kl. 10

Innlegget

Både statsråden og fleire representantar i denne debatten om digital suverenitet gjer det veldig lett for seg sjølv ved å framstilla det som eit spørsmål om aleinegang og isolasjon. Det denne saka eigentleg handlar om, er å byggja opp system som me kan stola på, og byggja opp eigen kompetanse på vår grunnleggjande digitale infrastruktur. Det handlar om å gje norske fagmiljø og norske gründerar sjansen til å bidra, noko eg veit at dei er meir enn klare for. Det handlar ikkje om å starta med blanke ark, men det handlar om å byggja vidare på system og kompetanse som me allereie har. Digital suverenitet handlar om å sikra at det offentlege, og då særleg dei mest samfunnskritiske dataa og systema våre, kan fungera òg i krisesituasjonar og upåverka av politisk press utanfrå. Då må me gjera oss mindre avhengige av nokre få dominerande kommersielle tekgigantar. Den avhengigheita er eit problem i seg sjølv, men i tillegg – og alle som ikkje har budd bak ein stein dei siste par åra, har jo fått det med seg – er sjefane og eigarane i nettopp desse selskapa tilhengjarar av ein autoritær president og til og med pådrivarar for eit endå meir autoritært og menneskefiendtleg styresett. Det er jo ikkje ei lita sak me behandlar i salen her i dag. Forslaget frå SV og heldigvis fleire andre parti om ein exitstrategi, om å oppretta ein offentleg skyteneste og om å ha eit program for open kjeldekode m.m. er viktige steg for å starta arbeidet med å gjera oss mindre avhengige og meir robuste. Dessverre vel fleirtalet i Stortinget med regjeringa i spissen å fortsetja å grava seg ned i djup avhengigheit. Regjeringa i Noreg er dessverre verdsleiande i digital naivitet. Der er det prosentmål om mest mogleg digitalisering som verkar å vera styrande. Det me treng, er digital suverenitet. Der er det eit demokratisk nasjonalt handlingsrom i samarbeid med andre nordiske og europeiske land og i samarbeid med eigne fagfolk. Me kunne ha starta det arbeidet i dag med ein sånn snuoperasjon. SV kjem garantert til å fortsetja det arbeidet.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat