Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Innvandring kan vere av stor verdi for samfunnet i ein situasjon der vi treng kompetent arbeidskraft. Kunnskap om verda er viktigare enn det nokon gong har vore. Saksordførar får det til å høyrast ut som om opphald handlar om skjema og bokhalderi. Men det handlar om menneske av kjøt og blod, menneske som har eit liv i Noreg, og som bidrar inn i samfunnet. Vi i MDG har merka oss at godt integrerte innvandrarar, som var mindreårige då dei kom, mistar opphaldstillating eller statsborgarskap som følgje av uriktige opplysningar frå foreldre eller besteforeldre. At dei skal miste statsborgarskapet sitt trass i at dei er sterkt ønskte i nærmiljøet sitt og på arbeidsplassen, er eit stort tap, ikkje berre for dei sjølve, men også for Noreg. Sjølv om det no ser ut til at det er få som får tilbakekall på slikt grunnlag er det etter MDG sitt syn svært uheldig at det framleis skjer. Vi meiner det er eit overgrep mot dei det gjeld, og uverdig for Noreg som nasjon. Det er difor trist at vi ikkje får fleirtal for å tydeleggjere at tilbakekall ikkje skal skje i ein slik situasjon, og at Stortinget viser manglande vilje til å rydde opp for dei som er utvist på så tynt grunnlag. Sidan det ikkje ligg an til å bli fleirtal for kompromissforslaget mitt, fremja som laust forslag 10, blir det ikkje fremja i dag. Det å trekkja opphaldstillating eller statsborgarskap er eit alvorleg tiltak mot den enkelte og må stå i eit rimeleg forhold til årsaka til tilbakekall. Etter vårt syn er det altfor låg terskel for det i dag, og det er som tidlegare talar nemnde, betydeleg rom for skjøn. Det meiner vi bør brukast på ein annan måte. Eg minner om at vi per i dag er avhengige av innvandring for å få nok arbeidskraft. Mange av våre ikkje-vestlege innvandrar tar også jobbar med relativt låg løn, som det er ekstra vanskeleg å rekruttere norskfødde til. Det er slik sett ein viktig ressurs som betyr langt meir for Noreg enn lønsnivået skulle tilseie, I denne situasjonen bør det opnast for at innvandrarar som er godt integrert, har ettertrakta kompetanse og er sterkt ønskt hos arbeidsgivaren sin får opphaldstillating sjølv om dei elles ikkje tilfredsstiller absolutt alle krava til opphaldstillating, men på visse vilkår. Det kan godt vere at den såkalla Lex Amelie trong ein gjennomgang, men regjeringa burde vere villig til å sjå på korleis vi kan opne meir for at kompetanse og ettertrakta arbeidstakar kan få jobbe hos oss. I våre auge er det ikkje berre trist, men skadeleg for Noreg når vi ikkje får behalde folk vi verkeleg treng. Vi treng ei regjering som kjem på jobb for å sikre at vi får kompetansen vi treng i alle bransjar, sjølv om dei ikkje tilfredstiller absolutt alle kriteriene på skjema til UDI. Med dette tar eg opp alle øvrige forslag i saka, som MDG ein del av.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
