Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Vi deler synet den førre replikanten har på at det er viktig å prioritere god, tidleg og rettferdig saksbehandling framfor tilbakekallsaker. Samtidig går mitt spørsmål på det at vi treng innvandring for å få nok arbeidskraft. Mange av våre ikkje-vestlege innvandrarar tek også jobbar med relativt låg løn, som det er ekstra vanskeleg å rekruttere til. Det er slik sett ein viktig ressurs, som betyr langt meir for Noreg enn det lønsnivået skulle tilseie. Mitt spørsmål er: Kva vil statsråden gjere for at vi kan tiltrekkje oss og behalde viktig arbeidskraft – i staden for å hindre og utvise folk som vi har stor nytte av å halde på, på eit tidvis litt tynt grunnlag?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
