Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Det er mykje ein skal høyre før øyra dett av. Representanten Wiborg framstiller det som om MDG meiner det skal vere fritt fram for all slags juks og bedrag frå våre innvandrarar, og at dei likevel skal lønnast med statsborgarskap. Det er sjølvsagt svært langt frå sanninga, men det understrekar samtidig kor fjern representanten Wiborg er frå den verda som svært store delar av verdas befolkning lever i. Der er det korrupsjon, kjennskap og venskap og stor grad av fattigdom som pregar tilværet, og det einaste som gjeld, er å prøve å seie til myndigheitspersonar det dei ønskjer å høyre, viss ein skal ha ei framtid. At ein ikkje omgåande, i det ein kjem til Noreg, forstår at det er annleis her, og dermed kan kome med nokre opplysningar som sidan viser seg å vere gale, det er sånn verda er. Og det er litt forstemmande å høyre oppfatninga til Framstegspartiet. Vi er så vanvitig heldige i dette landet, og vi skuldar dei som kjem til oss, å vise ei viss forståing for at dei kjem frå ei heilt anna verkelegheit. Sjølvsagt skal det ikkje vere fritt fram for juks og bedrag, men samtidig må vi vise forståing for at verda er litt større enn Noreg og dei vestlege landa. Det er ho faktisk. Så mi oppfordring er: Vis ei heilt anna og meir inkluderande haldning til dei som kjem til oss, og vis forståing for korleis det er å leve i andre delar av denne verda, og tenk på kor heldige vi er.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
