Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 5. mai 2026

Marius Langballe Dalin
Marius Langballe Dalin
Miljøpartiet De Grønne·Sogn og Fjordane

SakMøte tirsdag den 5. mai 2026 kl. 10

Innlegget

Vi i MDG er opptekne av ein god og inkluderande integreringspolitikk. Det inneber sjølvsagt god norskopplæring og innføring i vår tillitsbaserte samfunnsmodell, samtidig som vi på ein klok måte formidlar tydelege forventningar til kva som vi som samfunn forventar av våre innbyggjarar. Å tydeleggjere gjensidige forpliktingar ser vi på som positivt, og sånn sett støttar vi mykje av intensjonen i framlegget. Samtidig kan vi ikkje sjå at forslaget slik det føreligg, bidreg på ein positiv måte til integreringa. God forståing av forpliktingar og forventningar blir skapt over tid, gjennom god oppfølging og gjennom relasjonar i arbeidsliv og i lokalsamfunn. Vi kan ikkje støtte eit forslag som etter vårt skjønn har ei skeiv fordeling og vektlegging mot kontroll og sanksjonar, slik dette forslaget har. Vi har lita tru på verdien av denne typen papirøvingar. Sanksjonar ligg jo alt i lovverket. Vi bør ikkje lage ein borgarkontrakt som er ein slags lov ved sida av loven. Difor stemmer MDG mot representantforslaget, men er open for dialog om korleis vi kan drive betre integrering også framover.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat