Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 5. mai 2026

Marius Langballe Dalin
Marius Langballe Dalin
Miljøpartiet De Grønne·Sogn og Fjordane

SakMøte tirsdag den 5. mai 2026 kl. 10

Innlegget

Strandsona er utruleg viktig både for oss menneske og for alle dei artane som lever på denne planeten – ikkje alle, men veldig mange er avhengige av nettopp den overgangen mellom land og vatn. Det gjer det ekstra verdifullt også for oss. Ein kan tenkje seg ein varm sommardag der ein står på stranda og nyter livet ved sjøen og det heile. Vi ser at nokre saker blir veldig rare når det gjeld forvalting av strandsona, typisk når det går ein motorveg i strandsona, som ein har vore inne på her, og ein ikkje kan gjere noko ovanfor. Men i dagens lovverk er det rom for å gjere noko med dette gjennom arealplanarbeidet. Vi er redde for ei gliding viss ein skal uthole strandsonevernet, som allereie er tynt nok. Difor meiner vi at vi ikkje bør gå for det no, men heller jobbe godt gjennom arealplanarbeidet som allereie er der. Naturen er utruleg viktig. Vi ser korleis strandsona er under press i store delar av Noreg. Der meiner vi tvert imot at det er verdt å stramme inn. Eg kan seie at i mitt eige fylke, i Sogn og Fjordane, har dei f.eks. laga ein arealplan i øysamfunnet Bulandet. Der er veldig store delar av øyriket mindre enn 100 meter frå havet. Då er det gode grunnar til å lage ein arealplan som tek omsyn til det, og det er det faktisk moglegheit for. Det er moglegheiter i dagens regelverk. Vi er redde for ei utholing av regelverket og kan difor ikkje støtte det forslaget som ligg føre.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat