Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 5. mai 2026

Marius Langballe Dalin
Marius Langballe Dalin
Miljøpartiet De Grønne·Sogn og Fjordane

SakMøte tirsdag den 5. mai 2026 kl. 10

Innlegget

Veljarane har gjennom val satt inn eit politisk fleirtal som er for fylkesbyte. Det var godt kjent før valet, og det er då naturleg å følgje det lokaldemokratiske votumet som ligg til grunn. Hadeland MDG støttar fylkeslaga. Innlandet MDG og Akershus MDG støttar forslaget til regjeringa om å endre fylkestilhøyringa for Gran kommune frå Innlandet til Akershus. Dette er eit ønske vi i stortingsgruppa ønskjer å følgje opp. Forslaget til regjeringa er i tråd med vedtaka i både Gran kommunestyre og Akershus fylkesting. I lokalvalet i 2023 gjekk MDG lokalt klart og tydeleg inn for fylkesbyte og har sidan hatt ein tydeleg bodskap: Gran kommune høyrer naturleg heime i Akershus saman med dei andre kommunane på Hadeland, både geografisk, funksjonelt og regionalpolitisk. Vi meiner at eit fylkesbyte vil styrkje moglegheitene til regionen for heilskapleg utvikling, betre samferdselsløysingar på tvers i regionen og meir samanhengande tenester for innbyggjarane. Det vil også gje Hadeland ei tydelegare stemme i eit fylke vi samarbeider tett med i praksis. Hadeland var tidlegare ein samla region i Oppland fylke, men blei splitta mellom Viken og Innlandet ved fylkesreforma, som fekk verknad frå 2020. Vi har sidan hatt ei fylkesgrense midt i regionen og har opplevd korleis dette kan hemme. Konklusjonen vår er at Hadeland som region er best tent med å vere samla i same fylke, og som representanten Kapur seier: Det er Stortingets ansvar å ta avgjerder om fylkesbyte. Vi i MDG vel å følgje det fleirtalet i Gran har avgjort.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat