Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Eg hadde ikkje trudd for to-tre år sidan at eg skulle vakne kvar morgon og lure på kva ein ustabil og lite venlegsinna amerikansk president hadde funne på i løpet av natta. Alliansen over Atlanteren er svekt, og med eit fiendtleg og imperialistisk Russland i aust blir ikkje situasjonen betre. Vi er betydeleg meir sårbare i Noreg enn vi var for få år sidan. Ein gjeng mektige tekoligarkar med til dels temmeleg ytterleggåande politiske synspunkt, som ikkje på nokon måte tener interessene våre, gjer oss enda meir sårbare. Då er mange av forslaga i denne saka gode bidrag til å gje Noreg ei ny og betre retning, og det hastar – ikkje med å kome i mål, men det hastar med å få opp farta. MDG er bekymra for at offentleg sektor i for stor grad er låst til enkeltleverandørar. Dette er eit gjennomgåande tema i høyringssvara. Difor treng vi ein strategi for diversifisering, det vil seie at vi treng å spreie oss på langt fleire leverandørar på kvart produktområde, og sørgje for opne standardar som sikrar at løysingane snakkar godt saman. Ein nasjonal strategi for diversifisering må identifisere kva delar av forvaltninga og kva verksemder med kritiske samfunnsfunksjonar som bør kunne fungere uavhengig av plattformer, der avgjerdene til framande myndigheiter kan føre til utestenging på kort varsel. Redd Barna seier i høyringssvaret sitt at det er særleg problematisk at skulesektoren er så avhengig av store teknologigigantar. Det er ikkje tilstrekkeleg demokratisk kontroll av personopplysningane til barn, og dette er eit eksempel på område vi bør prioritere i ein slik strategi. Open kjeldekode er eit av dei viktigaste verktøya for å bli mindre avhengige og styrkje digital suverenitet. Fleire land i Europa, som Frankrike og Danmark, har etablert nasjonale program for open kjeldekode i offentleg sektor. Ein Harvard-studie frå 2019 har vist at dette har gitt lågare kostnader og meir innovasjon og redusert låsing til enkeltleverandørar. Det finst allereie sterke offentlege utviklingsmiljø som bidrar til open kjeldekode og til deling. Dette arbeidet bør vi styrkje, og verksemder som kan dra lasset, som Nav og Brønnøysundregistera, bør bli lønna for å delta. Mykje av den kritiske digitale infrastrukturen som offentlege tenester i Noreg og Europa er avhengige av, er utvikla og haldne ved like av ein internasjonalt fellesskap med open kjeldekode. Denne infrastrukturen har ofte utilstrekkeleg og ustabil finansiering. Det er i Noregs interesse at den finansieringa blir robust og sikker. Noreg har eit stort potensial for datasenter, og det bør vi bruke til å byggje nasjonal og nordisk suverenitet. Vi bør sikre reknekapasitet, for eksempel ved at vi set av ein viss del av kapasiteten til nasjonale føremål, litt på same måte som konsesjonskraft i kraftsektoren, og vi bør sikre at vi vidareutviklar norsk kompetanse. Med dette tar eg opp forslaga MDG har aleine.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
