Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 5. mai 2026

Marius Langballe Dalin
Marius Langballe Dalin
Miljøpartiet De Grønne·Sogn og Fjordane

SakMøte tirsdag den 5. mai 2026 kl. 10

Innlegget

Den geopolitiske situasjonen er har gjort det tydeleg at digital infrastruktur kan brukast som pressmiddel mot statar og institusjonar. For eksempel kan ikkje Microsoft garantere uforstyrra levering av tenester uavhengig av innfalla til den amerikanske presidenten. MDG meiner det er behov for eit uavhengig nasjonalt organ som kan gje strategiske råd om digital sikkerheit, suverenitet og personvern på tvers av sektorar og forvaltningsnivå. Digital suverenitet for eit lite land som Noreg kan vi ikkje oppnå aleine, men gjennom forpliktande samarbeid med nordiske og europeiske partnarar. Aktiv deltaking i europeiske initiativ som Gaia-X og «digital commons» kan vere viktige bidrag, og Noreg bør ta initiativ til eit tettare samarbeid med våre to nordiske naboar i aust. Noreg, Sverige og Finland er nærmast som ei øy med hav rundt og eit fiendtleg Russland, og vi er ganske sårbare for f.eks. kabelbrot i Østersjøen eller Kattegat. Difor vil det å byggje opp ein felles strategi i dette området gjere oss mindre sårbare enn om vi satsar i eit større område, samtidig som vi på ein måte skal satse på fleire måtar. Samtidig har vi ikkje same kompetanse på sikkerheit ved drift av skytenester som amerikanske gigantar. Difor er gradvis kompetanseoppbygging viktig. Vi bør bruke og få samla dei kompetansemiljøa vi har, på ein betre måte enn det vi gjer i dag. Så har eg akkurat vore inne på diversifisering. Det reduserer sårbarheit. Samtidig er ikkje målet å straks vere fri frå amerikanske gigantar, men å starte med diversifiseringa, sånn at nokre får kompetanse på andre løysingar, og at vi sikrar interoperabilitet. Det betyr at vi ganske raskt kan få andre over dersom ei løysing viser seg å bli kompromittert og ikkje lenger kan tilby den sikkerheita ein må ha. Så vil eg også nemne at vi hadde vurdert å subsidiært støtte tilrådinga, som vi ikkje synest var av dei beste forslaga, men innanfor, men på grunn av budsjettkonsekvensen vel vi å la vere å støtte ho subsidiært.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat