Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Eg merkte meg at representanten Farahmand meinte salen var svært kritisk til Microsoft. Eg trur Farahmand har misforstått, i alle fall MDG. Det vi er kritiske til, er ei stor avhengigheit av Microsoft. Vi trur diversifisering er sunt. Når det gjeld dette med nærmast aleinegang, meiner vi, som Farahmand, at det er klokt å samarbeide med gigantane, samtidig som vi utviklar nasjonale, nordiske og europeiske løysingar. Det meiner vi er framtidsretta. Her er det inga motsetning. Det som er problemet, er at ein er for avhengig og ikkje har tilstrekkeleg kompetanse. Den må vi utvikle, delvis i samarbeid med dei gigantane vi er avhengige av i dag.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
