Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 5. mai 2026

Solveig Vestenfor
Solveig Vestenfor
Arbeiderpartiet·Buskerud

SakMøte tirsdag den 5. mai 2026 kl. 10

Innlegget

Arbeiderpartiet kjem ikkje til å støtta forslaget frå Høgre i denne saka. Det generelle byggjeforbodet bør vidareførast. Strandsona er av allmenn interesse, og slike attraktive område bør vera tilgjengelege for folk flest. Dei har stor nasjonal verdi mange plassar, og det å gjera endringar, slik det er føreslått her, for å få eit tydelegare skilje mellom nedbygd og privatisert areal og ubygd areal i strandsoneforvaltninga, meiner me ikkje er vegen å gå. Lokale folkevalde har formidla at dei har behov for eit tydeleg regelverk. At presset frå sambygdingar, frå folk med eigar- og utbyggarinteresser, er stort, det er veldig forståeleg. Eit generelt forbod kan difor opplevast som eit vern for lokale folkevalde i politiske avgjerder, for dette kan vera krevjande å stå i. Det regelverket som allereie finst, er ei god støtte for å løfte perspektiva og kan vera noko å visa til når sambygdingar er på friarferd eller på krigsstien. Det generelle forbodet er difor viktig for at strandsona framleis skal vera tilgjengeleg for oss alle. Til lags åt alle kan ingen gjera, det er motstridande interesser mange plassar, og det sterkaste krysspresset står kanskje dei folkevalde langs vestfoldkysten, Sørlandet og delar av Vestland i. Likevel: Ser ein strandsone og kyst i heile landet under eitt, varierer det sjølvsagt mykje. Difor trengst dei statlege planretningslinjene, slik at ein kan halde fram med den differensierte forvaltninga langs kysten, og der er det presisert at det generelle byggjeforbodet skal praktiserast strengast der det er størst utbyggingspress. Det finst difor ein fleksibilitet i regelverket, og det er det viktig å få sagt høgt. Strandsona, som høgfjellet, er av våre nasjonale naturressursar, og dei er verdifulle kulturmiljø som skal vera til glede for både lokalbefolkning, grunneigararar, landbruket, friluftsentusiastar, reiseliv og naturinteresserte. Slik bør det framleis vera. Dei nasjonale planretningslinjene er som sagt til for å ivareta nasjonale interesser, og dei er ei støtte for lokale folkevalde. Difor er det viktig at Stortinget faktisk gjev føringar og så klare rammer som råd i arealspørsmål som gjeld nasjonale interesser, og det at føringar, rammer og retningslinjer kan bli tydelegare kommunisert og meir samordna på tvers av sektorar, stemmer nok i fleire tilfelle. Difor er det bra at dette er på dagsordenen frå regjeringa si side.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat