Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Det var representanten Njåstad som gjorde at eg teikna meg. Den saka me drøftar no, er i grunnen større enn strandsona aleine. Dette handlar om arealforvaltning i stort. Den frustrasjonen Njåstad viser til frå landsmøtet til FrP førre helg, kjenner eg att i fleire parti, for det er krevjande når nasjonale interesser grip inn i lokaldemokratiet. Trellevik har nettopp snakka om korleis ein opplever forskjellsbehandling i strandsona. Dei same drøftingane har ein for høgfjellet. Det handlar om villrein, om jordvern, om kven som skal bestemma over arealet, og om kraftkablar, energi og vassforvaltning. Handlingsrommet for lokaldemokratiet kan diskuterast. Det er i alle fall viktig å diskutera det, for eg opplever at fleire lokale folkevalde er usikre på om dei klarar å motivera seg for å engasjera seg i lokalpolitikken, nettopp fordi dei opplever at dei statlege føringane er så sterke. Det er difor behov for tydelegare føringar med tanke på kva som er nasjonale interesser, og for lik praksis mellom dei ulike statsforvaltarane. Det må vera ei klar rydding i kva som har nasjonal verdi, og – endå viktigare – kva som ikkje har det. Motsegnsprosjektet som no er i gang, håpar eg fører til ei betring. Statsforvaltarane må samordna seg slik at me ikkje får dei sektorovergripande konfliktane. Den arealmeldinga som er varsla, vil vera kjærkomen for mange av oss.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
