Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 5. mai 2026

Solveig Vestenfor
Solveig Vestenfor
Arbeiderpartiet·Buskerud

SakMøte tirsdag den 5. mai 2026 kl. 10

Innlegget

Det er spesielt å koma seint inn i ein debatt, men eg må likevel seia det eg hadde tenkt å seia: Arbeidarpartiet støttar søknaden frå Gran kommunestyre om å verta overført til Akershus fylkeskommune. Det gjer me trass i at både fordeling av skatteinntekter og folketalsutjamning er gode argument for at Gran framleis kunne ha vore i Innlandet, for me vil med positiv støtte til denne søknaden gjera Akershus fylkeskommune endå større. Me veit òg at det finst mykje godt samarbeid mellom Gran og naboane i nord, ikkje minst innanfor sjukehus- og næringssamarbeid. Likevel landar altså Arbeidarpartiet på å støtta søknaden frå kommunen. Kommunane i Noreg er veldig ulike. Alle dei 357 kommunane våre har interkommunale samarbeid, og i mellomstore og mindre kommunar er desse samarbeida viktige og ofte avgjerande for at kommunane kan levera på generalistkommuneprinsippet: å sørgja for gode, forsvarlege og likeverdige tenester for både unge og vaksne. Om Hadeland på sikt vil greia ut kommunesamanslåing, skal dei få lov til å avgjera sjølve i lokaldemokratiet sitt. Slik er det. Når det gjeld generalistkommunesamarbeidet: I det samarbeidet som er på Hadeland, har det vore slik at Lunner, Jevnaker og Gran har eit utstrekt interkommunalt samarbeid, og kanskje viktigast i denne samanhengen: interkommunalt samarbeid spesielt retta mot dei tenestene der fylkeskommunen har direkte eller indirekte ansvar, som innanfor vidaregåande opplæring, næringsutvikling og landbruksforvalting, tannhelse, kultursatsing og samferdsel, men i tillegg òg innanfor barnevern, flyktningtenester, Nav, renovasjonstenester og energi. Kommunar med så tette band og samarbeid, gjennom interkommunale politiske råd og samarbeidsavtalar, bør, så langt det er råd, vera i same fylke. Hadelandskommunane kunne jo vore i Innlandet, eller i Buskerud for den del, men etter oppløysinga av Viken fekk både Lunner og Jevnaker tilhald i nye Akershus. Erfaringane frå desse siste åra med å vera i ulike fylke har vist seg å vera krevjande. Difor står me her. Stortinget sin jobb er m.a. å sørgja for at kommunane vert rusta og organiserte på ein måte som gjer at dei kan utføra oppdraget sitt: å sørgja for gode tenester for innbyggjarane sine. Vår jobb er å letta arbeidskvardagen deira så langt me kan, og dette er eit viktig vedtak for å fjerna stein i skoen eller snubletrådar i vegen. «Hadafylki» har definitivt historisk sus over seg og eksisterte lenge før fylkeskommunar og kommunar fann si form. Lat no Hadeland få samlast att i eitt fylke, slik både ordførarane i Gran, Jevnaker og Lunner på vegner av kommunestyra ber om.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Solveig Vestenfor (Arbeiderpartiet) — Innlegg · 5. mai 2026 — OverStortinget