Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Det er betydelege inntekter staten får frå olje og gass, det er det ikkje tvil om. Eg har lagt merke til at finansministeren er ute og krisemaksimerer litt – at viss ein kuttar i avgiftene, så vert det renteauking, og no sist var det litt åtvaringar rundt oljefondet. Underteikna er ein av få i Noreg som i tolv år har sete i øvste organ i riksbanken, i representantskapet i Noregs Bank. Eg har fungert både som nestleiar og som leiar i periodar. Då eg kom inn i 2006, var det 1 398 mrd. kr i oljefondet. Då eg gjekk ut tolv år etterpå, var det 10 000 mrd. kr, og no er det over 20 000 mrd. kr. Så kva er grunnlaget for at ein åtvarar om at det meste kan gå feil veg, for å seie det på ein fin måte?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
