Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 6. mai 2026

Frank Edvard Sve
Frank Edvard Sve
Fremskrittspartiet·Møre og Romsdal

SakMøte onsdag den 6. mai 2026 kl. 10

Innlegget

Ein kan gjerne gå 20–30 år tilbake i tid – eg forheld meg til min situasjon som representant no, og også den tida eg sat i Noregs Bank. Eg trur vi skal forhalde oss til det. Ein heilt annan sak: Finansministeren har snakka om at dersom ein tek ned prisen på drivstoff, då vert det subsidiar og tilskot frå staten. I dag fekk eg svar frå ministeren på eit spørsmål angåande kva som er den reelle prisen på drivstoff. Det viser seg at med ein drivstoffpris på 20 kr er halvparten av kostnaden avgifter som staten tek inn. Ein betaler altså 10 kr for drivstoffet og har i tillegg 10 kr i avgifter. Når Stortinget tek ned avgiftene, dvs. den meirbetalinga staten pålegg innbyggjarar og næringsliv å betale, kallar finansministeren det subsidiar og tilskot. Korleis er det mogleg å framstille det som subsidiar og tilskot, når det faktisk berre er ei meirbetaling – ei kraftig meirbetaling – i forhold til det staten tek inn på bensin og drivstoff?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat