Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 6. mai 2026

Ingrid Fiskaa
Ingrid Fiskaa
Sosialistisk Venstreparti·Rogaland

SakMøte onsdag den 6. mai 2026 kl. 10

Innlegget

Spørsmålet mitt går til digitaliseringsministeren. Historia om BankID er historia om ein naiv og kortsiktig digital strategi. Det er eit eksempel på at politikk blir redusert til formaningar og forventningar i staden for styring og handlekraft. Har BankID-historia òg blitt historia om eit selskap som er «too big to fail»? BankID har blitt ein avgjerande del av Noregs digitale infrastruktur. Det er den dominerande løysinga for digital identifisering og er bokstavleg talt nøkkelen til bankkontoane våre, til helsetenestene våre, til skattemeldinga vår og til ei lang rekkje offentlege og private tenester. Nesten alle i Noreg bruker BankID. I fire år har det vore kjent at BankID ikkje fyller krava til det høgaste sikkerheitsnivået som er nødvendig for ein god del tenester. Det problemet har selskapet som eig BankID, Stø, latt vera å ta tak i, men no har dei fått ein kort frist for å løysa det. Kva som eigenleg har skjedd i dialogen mellom Nkom og Stø, er ikkje så lett å få tak på, for her har selskapet, tilsynet og statsråden ulike versjonar. Det som er klart, er at regjeringa til sjuande og sist har ansvaret for at innbyggjarane og bedriftene våre har tilgang til offentlege tenester. Det ansvaret har regjeringa latt vera å ta, men peiker i staden på at selskapet må fiksa problemet. Det er ikkje mogleg innan den fristen som er gjeven. Siste kapittel så langt er at òg ministeren prøver å skyva problemet framfor seg, i plassen for å løysa det. I eit svar på eit spørsmål frå Stortinget forsikrar nemleg digitaliseringsministeren om at det vil ta lang tid før BankID mistar klassifiseringa. Har BankID blitt «too big to fail»?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat