Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 6. mai 2026

Ingrid Fiskaa
Ingrid Fiskaa
Sosialistisk Venstreparti·Rogaland

SakMøte onsdag den 6. mai 2026 kl. 10

Innlegget

Eg takkar for svaret. Det er bra at den dominerande identifiseringsløysinga ikkje forsvinn over natta, men det er òg ei alvorleg sak at dette sikkerheitsavviket finst, og at det kan oppstå tvil om identiteten til nokre av brukarane. Ministeren har sjølv tidlegare sagt at ho tek saka på største alvor. Eg tenkjer det må vera alvorleg når Nkom i utgangspunktet seier at BankID no har nokre veker til å lukka dette avviket. Det kan ikkje både vera eit stort problem og ta veldig lang tid å ordna opp. Då lurar eg på: Kor tolmodig har statsråden tenkt å vera med Stø og BankID? Kor lang tid har ho tenkt å gje dei for å lukka dette sikkerheitsavviket?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat