Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Ja, eg høyrer at dette vil ta tid, og eg oppfattar at det òg er ganske alvorleg at dei krava som jo finst, og som har vore kjende i lang tid, faktisk ikkje blir etterlevde, og at det kan ta lang tid før det er på plass. Det er eit meir grunnleggjande spørsmål at ein på ein måte legg ansvaret på selskapet og seier at dette har dei ansvar for å ordna opp i. Eg er sjølvsagt einig i at dei har eit ansvar for å etterleva dei krava som er stilte, men kva skjer når dei lar vera å gjera det i fire år? Er ikkje statsråden einig i at regjeringa har ansvaret for å sikra innbyggjarane tilgang til offentlege tenester? Eller meiner ho at det ansvaret til sjuande og sist ligg på dette selskapet?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
