Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Svaret til statsråden meiner eg illustrerer det som er kjernen i denne saka, nemleg at staten, innbyggjarane og bedriftene er heilt avhengige av ei tilnærma monopolløysing som altså er drifta og eigd av eit kommersielt selskap. Når ein er så avhengig av ei løysing som er styrt av eit kommersielt selskap, står me utan gode valmoglegheiter når dei ikkje etterlever krava. Spørsmålet i oppfølginga er då er om me skal starta arbeidet for å finna meir varige løysingar. Det finst faktisk allereie ei statleg identifiseringsløysing, som per i dag ikkje oppfyller det høgaste sikkerheitsnivået, men det viser jo at det er mogleg viss det er vilje til det. Då er mitt spørsmål: Meiner statsråden det er grunnleggjande smart å la eit kommersielt selskap få kontrollera nøkkelen til alle sentrale offentlege tenester? Er det ikkje mykje betre å ha ei statleg løysing som er under nasjonal, demokratisk kontroll?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
