Innlegg · 7. mai 2026

Kjersti Toppe
Kjersti Toppe
Senterpartiet·Hordaland

SakMøte torsdag den 7. mai 2026 kl. 10

Innlegget

Kjersti Toppe (Sp) [12:02:58] (leiar for komiteen): Vi er godt inne i totalberedskapsåret 2026. For eitt år sidan behandla Stortinget ei stortingsmelding om totalberedskap, totalberedskapsmeldinga, og i den saka vedtok Stortinget at plikt til å etablere tilfluktsrom skal gjeninnførast. No er det gått eitt år, og det er framleis ikkje fremja ei slik forskrift om tilfluktsrom – og då heller ikkje ei forskrift som gjeld for sjukehus. Det er eit faktum at ingen nye sjukehus dei siste åra er bygde med tilfluktsrom. Det gjeld dei aller, aller fleste av sjukehusa som er bygde dei siste åra. Vi har òg fleire sjukehus under planlegging som heller ikkje er planlagde med tilfluktsromfasilitetar. No har styret i Helse sør-aust – før jul – sendt brev til departementet og bedt om ei rask avklaring: Skal dei planleggja for tilfluktsromfasilitetar i det nye Mjøssjukehuset, eller i det nye sjukehuset i Oslo, eller skal dei ikkje det? Det hastar med ei avklaring. Det var grunnlaget for at vi fremja dette representantforslaget, og eg kan med éin gong ta opp Senterpartiet sine forslag i saka, som dessverre ikkje får fleirtal. Når det gjeld forslaga som får fleirtal, meiner eg det nesten er eit paradoks når vi ser kor tydelege Stortinget var for eitt år sidan, om at plikta til å etablera tilfluktsrom skal gjennomførast, til det som er ordlyden i romartalsvedtak I. No er dette redusert til at Stortinget ber regjeringa «vurdere» om nye sjukehus som anten skal planleggast, eller som ikkje er ferdig prosjekterte, «bør» sikrast nødvendige «beskyttelsesfasiliteter». Det er ikkje nemnt tilfluktsrom, men beskyttelsesfasilitetar – og korleis det kan gjennomførast. Så skal det gjerast ei «vurdering» av om det er mogleg og «hensiktsmessig» å inkludere beskyttelsesfasilitetar i pågåande byggjeprosjekt. Dette forslaget kan eg ikkje stemma for, ikkje eingong subsidiært, fordi det er ein så total avstand frå dette og den tydelege plikta som Stortinget sa for eitt år sidan – at ein skal gjeninnføra plikt til å etablera tilfluktsrom. Det må jo sjølvsagt òg gjelda for sjukehus.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat