Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Replikk · 7. mai 2026

SakInnstilling fra helse- og omsorgskomiteen om Representantforslag frå stortingsrepresentantane Kjersti Toppe, Erling Sande og Bent-Joacim Bentzen om å sikre tilfluktsrom på norske sjukehus (Innst. 215 S (2025–2026), jf. Dokument 8:103 S (2025–2026))
Innlegget
Eg høyrer at avklaringa kjem snart. Det sa òg statsministeren i januar, men eg forstår at departementet jobbar med denne saka no. Det tenkjer eg er veldig bra og nødvendig. Eg vil utfordra statsråden på at det i forslag til vedtak I står at ein skal «vurdere» om nye sjukehus som vert planlagde, «bør sikres nødvendige beskyttelsesfasiliteter». Når ein har inne både «vurdere» og «bør», er eg einig med føregåande replikant i at det kan synast som at dette er ei svekking av dei klare vedtaka som var i tilknyting til totalberedskapsmeldinga, om at ein skulle innføra plikta til å etablera tilfluktsrom igjen. Vil statsråden sørgja for at vedtaket knytt til totalberedskapsmeldinga vert gjeldande for norske sjukehus?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat