Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 7. mai 2026

Kjersti Toppe
Kjersti Toppe
Senterpartiet·Hordaland

SakInnstilling fra helse- og omsorgskomiteen om Representantforslag frå stortingsrepresentantane Kjersti Toppe, Erling Sande og Bent-Joacim Bentzen om å sikre tilfluktsrom på norske sjukehus (Innst. 215 S (2025–2026), jf. Dokument 8:103 S (2025–2026))

Innlegget

Viss det var dette statsråden sa, som vert vedtatt i dag, var det éin ting, men les ein vedtaksforslaget, er det mykje meir utydeleg enn det statsråden no sa. I forslaget står det ikkje at ein skal sikra beskyttelsesfasilitetar i byggeprosjekt, men ein skal gjera ei vurdering av om det er mogleg og hensiktsmessig. Hensiktsmessig er eit ord statsråden brukar veldig ofte, i mange ulike vedtak, som for oss vert litt vanskeleg å tolka. Når er det hensiktsmessig, når er det ikkje hensiktsmessig, og korleis kan ei utøving av ei plikt Stortinget har vedtatt, plutseleg vera ei vurdering av om det er hensiktsmessig eller ikkje? Eg trur statsråden må gå inn og sjå på ordlyden her og forstå at det er grunn til å stilla spørsmål ved om dette er ei svekking av den plikta ein vedtok i behandlinga av totalberedskapsmeldinga. Vil statsråden følgja opp vedtaket frå behandlinga av totalberedskapsmeldinga? Det er det grunn til å spørja om ein gong til.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat