Innlegget
Ei av vår tids største utfordringar er mangel på arbeidskraft. Alle me som kjenner Kommune-Noreg, veit veldig godt at både dei kommunale tenestene og næringslivet hadde knelt hadde det ikkje vore for alle dei som arbeider i yrke som ikkje krev fagutdanning frå start. I kommunen min er meir enn 95 pst. av alle dei som jobbar i reinhald, fødde i andre land. Innan helse og omsorg er tala også store, og her vil behovet verta endå større i åra som kjem. Alle som flyttar hit til landet og tek del i arbeidslivet, er enormt viktige for at samfunnet skal gå rundt. Då må me kommunisera dette – ikkje berre at innvandringspolitikken skal vera streng. Ein sambygding flykta frå sitt opphavlege land til Noreg på grunn av krig og politisk engasjement. I den dramatiske situasjonen der han flykta i frykt for livet, måtte han etterlata den gravide kona og fire små jenter. Han jobba som ein helt for å få råd til å kunna forsørgja dei her i landet, men fyrst seks år seinare kom dei, og faren fekk då treffe sonen han aldri hadde møtt. Ein treng ikkje vere psykolog for å forstå at desse åra var krevjande. Det var sterkt å vera vitne til dette og å helse på familien då dei kom, og ikkje minst å sjå korleis faren fann ro og korleis familien klarte å lande nettopp fordi dei var samla. I debatten om innvandring og integrering må me halda hovudet kaldt og hjartet varmt. Me må bruka nok tid til å finna den riktige innretninga når me set krav om årsløn for familiegjenforeining, både fordi det må vera mogleg å få til dette for dei som gjer jobben sin, og fordi me ynskjer eit anstendig arbeidsliv, der folk ikkje må jobba seg i hel. For alle har rett på fritid og kvile. Arbeidarpartiet støttar kravet om at ein må ha ei grense for årsinntekt, men me må differensiera krava med klokskap, og me må veta at me har tenkt på det som er viktig å tenkja på. Kva tenkjer næringslivsleiarar rundt omkring i dette landet om eit så høgt krav som 4G? Kva tenkjer alle dei som får drosje og vert henta, og alle dei som får omsorg og pleie, reine hus og lokale og service, om dette? Alle veit at stabil arbeidskraft er gull verdt, og den stabiliteten og dei føreseielege vilkåra fortener òg alle arbeidstakarar her i landet, bl.a. dei me pratar om no. Det er vel verdt å bruka den tida som trengst, for å setja nivået rett. «Annan manns bør er alltid lett», heiter det i eit av våre mange ordtak. Det er det verdt å tenkja på i denne debatten.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
