Innlegget
Mange barn som bur i barnevernsinstitusjonar, har opplevd omsorgssvikt, ustabilitet og også brot i skulegangen. Nettopp difor er det avgjerande at fellesskapet stiller opp med eit opplæringstilbod som kan gje desse ungane ein betre sjanse til å lukkast. Retten til opplæring gjeld fullt ut – også under institusjonsopphald. Samstundes veit vi at dagens skuletilbod ikkje treffer alle. Mange av desse ungane lærer best gjennom praktisk arbeid, gjennom meistring, gjennom relasjonar og gjennom opplæring som tek utgangspunkt i livssituasjonen deira her og no. Difor er vi opptekne av at handlingsrommet i dagens regelverk faktisk blir brukt. Alternative opplæringsarenaer, anten det er uteskule, verkstader, samarbeid med lokale bedrifter eller gardsbaserte tilbod som «Inn på tunet», kan vere eit viktig supplement for elevar som ikkje finn seg til rette i det ordinære klasserommet. Erfaring viser at slike løysingar kan gje både auka motivasjon, betre trivsel og sterkare meistringskjensle. Målet er ikkje å byggje parallelle skulesystem eller å svekkje ansvaret som ligg i opplæringslova, tvert imot. Dette handlar om betre samordning mellom barnevern, skule og forvalting, sånn at desse ungane slepp å falle mellom stolar. For mange av desse barna er det nettopp mangelen på koordinering, kontinuitet og stabilitet som er hovudutfordringa. Difor støttar Senterpartiet forslaget om å sikre at barn i barnevernsinstitusjonar får eit reelt og forpliktande opplæringstilbod som ein del av institusjonsopphaldet. Vi støttar òg at regjeringa vurderer pilotprosjekt i samarbeid med kommunar, fylkeskommunar og andre relevante fagmiljø for å redusere fråfall i skulen. Pilotprosjekt kan gje verdifull kunnskap om kva som faktisk fungerer, særleg når dei blir utvikla tett på praksisfeltet og evaluerte grundig. Til slutt vil eg løfte fram betydninga av stabilitet. Hyppige flyttingar i barnevernet fører altfor ofte til brotne skuleløp. Når ungar må byte både bustad og skule gong på gong, undergrev vi moglegheitene for læring og tryggleik. Difor meiner vi at barn, så langt det er mogleg, må få institusjonsplass i eigen region, og at omsynet til skulegang og tilknyting må leggjast stor vekt på ved plassering.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
