Innlegg · 12. mai 2026

Erling Sande
Erling Sande
Senterpartiet·Sogn og Fjordane

SakMøte tirsdag den 12. mai 2026 kl. 10

Innlegget

Som førre talar påpeika: I fleire tiår har norsk skule blitt styrt i den same retninga: meir testing, fleire prøver, sterkare vekt på teoretiske ferdigheiter og målstyring med tilhøyrande byråkratisk vekst. Elevane er blitt testa, rangerte, kartlagde og samanlikna – i trua på at testing automatisk gir betre læring. Faktisk har nasjonale prøver og kartleggingsprøver vore sentrale styringsverktøy i norsk skule i over 20 år. Likevel har dei knapt bidrege til læringsutbytte for dei elevane som strevar mest. Fasiten er slåande – eller, eg burde seie nedslåande. Vi ser fallande motivasjon, auka skulefråvær, større forskjellar og ein skulekvardag der mange elevar opplever nederlag tidleg. Dette råkar særleg dei som ikkje lærer best gjennom pugging, testing og teoritunge undervisningstimar. Dette er røyndomsbiletet, og då er det oppsiktsvekkjande at Høgre og FrP meiner at løysinga er meir av det same. Kor mange fleire tiår meiner Høgre og FrP det trengst for å få effekt av denne testbonanzaen? Ein storstilt puggeskule kan fungere for den som trivst med teori og siktar mot ei akademisk utdanning. For han eller ho som trivst best i sløydrommet, derimot, eller som lengtar etter å vere meir ute og lære med kroppen og hendene, er det openbert at meir av dette ikkje vil føre fram. Det er på høg tid at vi utviklar ein skule der òg praktikarane kan lykkast. Då kan vi ikkje ha ein skule der teori heile tida trumfar praksis, der pugging er viktigare enn meistring, og der testing blir eit mål i seg sjølv. Vi vil ha ein skule som gir rom for ulike måtar å lære på, som byggjer tillit til profesjonen, og som gir lærarane betre verktøy og ikkje fleire byrder. Difor er vi kritiske til framlegget som i realiteten handlar om å spole skulepolitikken bakover. Å insistere på gårsdagens løysingar når problema er velkjende, er ikkje ansvarleg politikk. Det er stagnasjon. Skulen må vere ein arena der elevar meistrar, lærer og utviklar seg. Det vil Senterpartiet halde fram med å kjempe for.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat