Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Replikk · 12. mai 2026

SakInnstilling frå kommunal- og forvaltningskomiteen om Representantforslag frå stortingsrepresentantane Erling Sande, Bengt Fasteraune, Ole Herman Sveian og Geir Inge Lien om meir ja og mindre nei i byggjesaker (Innst. 238 S (2025–2026), jf. Dokument 8:188 S (2025–2026))
Innlegget
Det er jo slik at dei rammene kommunane jobbar innanfor, sjølvsagt blir regulerte i plan- og bygningslov, i statlege planretningslinjer og også i tildelingsbrevet som kommunalministeren i lag med andre statsrådar sender til statsforvaltarane. I det tildelingsbrevet som Senterpartiet og Arbeidarpartiet sende i lag for 2025, var det teke inn eit punkt som sa at det i utgangspunktet ikkje skal fremjast motsegner mot forhold i plansaker det kunne vore fremja motsegner mot i tidlegare plan dei siste ti føregåande åra. Bakgrunnen for dette var å heve terskelen for unødvendige motsegner i plansaker. I årets tildelingsbrev er dette teke ut. Dermed senkar ein igjen terskelen for statsforvaltaren til å kome med unødvendige motsegner i plansaker. Så det enkle spørsmålet er: Det er fine intensjonar frå statsråden på talarstolen her, men kvifor gjer ein det motsette? Kvifor senkar ein då terskelen for å kome med unødvendige motsegner i plansaker?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat