Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Replikk · 12. mai 2026

SakInnstilling frå kommunal- og forvaltningskomiteen om Representantforslag frå stortingsrepresentantane Erling Sande, Bengt Fasteraune, Ole Herman Sveian og Geir Inge Lien om meir ja og mindre nei i byggjesaker (Innst. 238 S (2025–2026), jf. Dokument 8:188 S (2025–2026))
Innlegget
Igjen: Det er vel og bra, desse gode intensjonane, og eg deler engasjementet som det prosjektet skal oppnå, men statsråden svarar ikkje på spørsmålet. Dette er setningar som går igjen år etter år, så om dei blir aktivt endra, er det jo også lagt fram for politisk leiing. Her stod det ei setning som mange kommunar var veldig glad for, for ein opplevde at det kom motsegner på saker statsforvaltaren kunne meldt allereie då planane blei laga – at det kjem nye saksbehandlarar som finn på at her passar det å leggje ned ei motsegn, sjølv om det ikkje er kome nytt statleg regelverk som tilseier at forholda er endra. Det korte, konsise spørsmålet er: Kvifor valde regjeringa å ta vekk dette punktet, som var eit viktig haldepunkt for kommunane i møte med statsforvaltarane?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat