Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 12. mai 2026

SakInnstilling frå kommunal- og forvaltningskomiteen om Representantforslag frå stortingsrepresentantane Erling Sande, Bengt Fasteraune, Ole Herman Sveian og Geir Inge Lien om meir ja og mindre nei i byggjesaker (Innst. 238 S (2025–2026), jf. Dokument 8:188 S (2025–2026))
Innlegget
Til det siste innlegget: Det blir på ein måte eit forsvar for statsforvaltaren. Men når det gjeld det at staten er tydeleg i krav til både private utbyggjarar og til andre med omsyn til framdrift og klare standpunkt, er det stor frustrasjon over at statsforvaltaren ofte bruker lang tid i sånne prosessar, ofte så lang tid at det initiativet som eg løfta fram, fell vekk eksempelvis fordi sakshandsaminga tek for lang tid. Det er jo ikkje noko urimeleg i at også staten har krav på seg til å svare ut ting i rimeleg tid. Eg hadde òg lyst til å seie at den situasjonen vi er i, har utvikla seg over vekslande fleirtal og vekslande regjeringar, men resultatet er at dei prosessane som er knytte til utviklinga av lokalsamfunna våre, er blitt stadig meir omfattande og stadig meir byråkratiserte. Dette føler folk avmakt overfor, og det er avgrensande for folk og for næringsliv. Ansvaret for det er jo her: Det er i storting og regjering vi har ansvaret for at det er blitt sånn, gjennom innføringar av stadig meir finmaska nett av lover og reglar som kvar for seg heilt sikkert kan forsvarast og forklarast ut frå ein kontekst eller ein situasjon, men som i sum blir veldig krevjande å forhalde seg til både for privatpersonar og for kommunane. Vi har i vårt forslag nemnt nokre eksempel på justeringar som kunne ha vore gjort, og vi er fullt med på å ta dei direkte og ikkje gjennom eit utval viss det er stemning for det i denne salen. Ta eksempelvis forholdet med kollektivknutepunkt som krav. I nokre tilfelle kan det vere fornuftig, men i andre tilfelle, som når ein skal etablere ein frisbeegolfbane, er alle einige om at det er ufornuftig. Viss systemet fungerer sånn at ein får nei på det grunnlaget, må ein justere kursen – då må vi endre og innrette regelverket sånn at dei situasjonane ikkje oppstår. Vi har tidlegare i denne salen, i lag med kommunalministeren, diskutert naturfarekartlegging. No er det sånn at folk får krav om naturfarekartlegging for heilt enkle tiltak på huset deira, når dei allereie bur i eit område som er naturfaresone. Det er heilt meiningslaust at dei skal betale rapportar til 100 000 kr for å få bekrefta det. Det er noko anna viss ein skal byggje nye bustader eller gjere endringar som kan føre til naturfare andre plassar. Eit anna punkt er funksjonell strandsone. Det burde ha vore mogleg òg for denne salen å seie at det er fornuftig praktisering av strandsona at viss det går ein veg mellom havet og arealet overfor og innanfor ei hundremeterssone, då er arealet overfor den vegen mindre verdt i strandsonesamanheng, og burde dermed kunne frigjerast.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat