Innlegg · 12. mai 2026

Frank Edvard Sve
Frank Edvard Sve
Fremskrittspartiet·Møre og Romsdal

SakMøte tirsdag den 12. mai 2026 kl. 10

Innlegget

Vi – dei fleste, trur eg – kan vere ganske einige om at det er ganske mykje greinlaus køyring av turistar rundt omkring i Noreg på vinteren, men også om sommaren. Utgangspunktet er at turistane er her for å sjå landet. Dei fer svimande midt i vegen, slik det vert gjengjeve i ein del medieoppslag, spesielt frå Nord-Noreg. Dei kikar seg rundt i 50- og i 80-sona og lagar masse farlege situasjonar. Nøyaktig den same situasjonen ser eg nesten kvar veke, ikkje berre i sommarhalvåret, men også i vinterhalvåret. Eg køyrer stort sett 1 100 km i veka frå Sunnmøre og hit, og det er så mykje håplaus køyring at det er helt nifst. Kvar er tiltaka for å gjere ting betre? Regjeringa seier at dei skal bruke meir pengar på vedlikehald – eg ser ikkje det. Vintervedlikehaldet må eg berre innrømme at eg synest er vorte dårlegare. Dei fem åra eg har køyrt hit, synest eg det berre er vorte dårlegare og dårlegare. Det vert i alle fall ikkje betre og betre. Når det er sagt: Ein innfører eit piggdekkforbod – det skulle jo ha vore piggdekkpåbod for alle desse leigebilane. Det er berre å gå inn og sjå kor mange prosent det er. Det er mange, mange, mange, mange, mange meter kortare bremselengde med piggdekk enn med heilårsdekk eller dei piggfrie dekka som polerer vegane. Eg køyrer med piggdekk, og eg skal aldri ha på piggfrie dekk. Det er det umogleg å køyre med på Sunnmøre, der vi har fem årstider – ei ekstra årstid midt imellom. Det er ganske håplaust. Det eg synest er mest rart, er: Kvar er politiet? Det er nesten som å sjå Fantomet – nokon har høyrt om det, men ingen har sett det. Eg ser ikkje ein uniformert politibil i trafikkbildet. Eg har måtta ringje politiet for å få fjerna bubilar som ligg og surrar i 55 km/t i 90-sona oppover Gudbrandsdalen. Politiet takkar og bukkar, og litt lenger fram kjem det ein patrulje og tek ut bilen. Det er kanskje det viktigaste tiltaket ein kan gjere når det er problem med utanlandske sjåførar. Det er å få politiet til å fjerne dei bilistane som køyrer i 50 km/t i 80-sonen, slik det er gjengjeve i media, og faktisk ta dei ut av trafikken før dei gjer skade. Men politiet eksisterer ikkje. Dei ligg helst gøymde oppe i granbuskene for å ta oss om me køyrer nokre kilometer for fort. Der ligg dei og gøymer seg, men å kome seg ut med uniformerte bilar, noko som også verkar preventivt på alle som køyrer anten for fort eller for seint, det gjer dei ikkje. Her er det snakk om å ha tiltak som verkar, og få politiet ut når dei veit at det er krevjande situasjonar og krevjande føre. Det er det som skal til. Det er i alle fall et tiltak som det er mogleg å gjennomføre veldig raskt – ut av kontora.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Frank Edvard Sve (Fremskrittspartiet) — Innlegg · 12. mai 2026 — OverStortinget