Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 12. mai 2026

Frank Edvard Sve
Frank Edvard Sve
Fremskrittspartiet·Møre og Romsdal

SakInnstilling fra transport- og kommunikasjonskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Grunde Almeland, Guri Melby og Abid Raja om en nasjonal strategi for trafikksikker, bærekraftig og verdiskapende vinterturisme (Innst. 254 S (2025–2026), jf. Dokument 8:135 S (2025–2026))

Innlegget

Dette er eigentleg berre ein kommentar til siste talar: Viss ein vil ha ingenting til å skje, så set ein ned ein komité. Det er jo det som skjer. Ein set ned komitear og har møte og høge smørbrød. Ein har det sikkert kjekt på desse møta. Men eg har ikkje sett ein politibil etter at dei har hatt desse møta. Det er lenge sidan dei har hatt dei møta. Eg har ikkje sett eitt tiltak i praksis. Det er like håplaust på Møre. Der er det dungevis med turistar både sommar og vinter og akkurat den same utfordringa. Kanskje det har vore spesielt i nord dei siste åra, men det er masse på Møre også. Det hjelper ikkje å setje ned komitear, og så skjer det ingenting. Nei, det må handling til, og då er det sånn at ein må vise det i praksis. Det å setje ned komitear for at ingenting skal skje, er det i alle fall liten vits i.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat