Innlegg · 12. mai 2026

Frank Edvard Sve
Frank Edvard Sve
Fremskrittspartiet·Møre og Romsdal

SakMøte tirsdag den 12. mai 2026 kl. 10

Innlegget

Eg må ærleg innrømme at når eg no har høyrt innlegga til representanten Kamzy Gunaratnam frå Arbeidarpartiet i ganske mange saker, synest eg det berre dreier seg om politikken til FrP, og at alt med FrP er gale osv. Då har representanten frå Arbeidarpartiet gløymt at det faktisk er Arbeidarpartiet som sit i regjering i dag. Dei har sete i regjering sidan 2021. Det har ikkje vore anna enn kø og kaos. Det har vore kø rundt Oslo. Det er stengde vegar. Det har vore kø i alle sidegater, og kollektivfelta har vore tomme. Eg køyrer der kvar veke, mange gonger. Det er ikkje mogleg å få det meir greinlaust enn det har vore den tida. Og ikkje nok med det: Om vinteren har det vore kø og kaos. Bussane har stått i sju steinar, toga har stått i sju steinar, alt har stått i sju steinar, og så snakkar MDG om at ein må ha samkøyring for å få det til å fungere, og representanten frå Arbeidarpartiet snakkar om politikken til FrP. Bilen er ikkje eit problem. Bilen er ein del av løysinga. Eg kjem frå hutaheiti, der ingen skulle tru at nokon kunne bu. Når eg kjem til Oslo, ser eg sjølvsagt at det er viktig med både trikk, buss og jernbane, med kollektivt og kva det måtte vere, men bilen er også kjempeviktig. Fortel meg kor mange i dette landet som kan levere ungene sine i barnehagen i tøflar. Det er omtrent ingen, det. Dei må bruke bil. Det vert snakka om distrikta. Eg bur i distrikta. Eg veit kor viktig bilen er i heile Noreg. Bilen er ei nødvendigheit for den norske befolkninga – for den vanlege mann og kvinne som må ha bil i kvardagen, også her, i og rundt byen. Ein trur visst ein skal nå nullvekstmålet ved å fjerne bilen og gå til kamp mot bil og bilbruk. Ja, ein kan gjerne meine det og ønskje å gjennomføre den politikken. Det er sånn Arbeidarpartiet legg fram sin politikk – godt støtta frå resten av tuttifruttigjengen, med MDG osv. Eg har ingen respekt for at ein har så liten respekt for vanlege folks behov. Vanlege folk har faktisk behov for å køyre bil – for å kunne køyre ungene sine på skule, til barnehage, til idrettsaktivitetar og til alle andre aktivitetar dei treng. Det er ikkje eit problem. Då er det kanskje på tide å begynne å løyse opp i dette, slik at ein igjen kan bruke dei vegane som er, og at det ikkje berre er eitt eller to felt med bilar på og kollektivfelta står heilt tomme. Det er jo lang kø på sidevegane, og det klarer ein ikkje å løyse. Der stengjer ein heller vegen, for å lage det skikkeleg gale. Vi i FrP har våre løysingar. Eg gler meg til den dagen vi kjem i regjering igjen og kan vise korleis vi får orden på samferdselspolitikken – satsar på samferdsel, som vi gjorde dei sju åra vi sat i regjering. Det lukta asfalt over heile Noreg, og vi satsa i alle fall på samferdsel. Det er alt anna enn det dagens regjering gjer.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat