Innlegget
Smarte løysingar, det var Bård Hoksrud inne på. Kvifor stod bussane i kø på sidevegane og kom seg ikkje inn i kollektivfeltet? Jo, det var kø og kaos overalt, og dei stod og stampa og kom seg altså ikkje inn i kollektivfelta, som var tomme. Då må ein gjere noko med det. I to år har elbilane vore ute av kollektivfeltet, og det har gjort det vanskeleg for bilistane. Det er det ikkje råd å kome vekk frå. Når ein er samferdsleminister i dette landet og snakkar om andre parti og rekneferdigheiter osv., må ein som minister iallfall setje seg inn i også dei nasjonale transportplanane til andre parti. Når ministeren står her og insinuerer at FrP ikkje ønskjer byutvikling, er det heilt rett som representanten Hoksrud sa, at det er konkret feil. Dersom samferdsleministeren hadde teke seg tid til å lese forslaget til nasjonal transportplan frå Framstegspartiet, ville han ha sett at der står det at vi skal ha ei byutvikling på same storleik som byutviklingspakka til regjeringa, på 20 mrd. kr – men utan bompengar. Det er grunnlaget, så å seie at vi ikkje ønskjer ei utvikling av byane, er direkte feil. Det skal bli interessant, når det gjeld rekneferdigheiter, å sjå kva regjeringa og samferdsleministeren kjem fram med av summar når dei i dag har vore ute i media og sagt at dei skal stille krav om nullutsleppsanleggsmaskiner. Maskinentreprenørenes Forbund, MEF, hadde ein rapport i fjor sommar som viste at med nullutsleppsmaskiner var det 89 pst. dyrare anleggsdrift. Det skal verte interessant å sjå kostnadene på alle prosjekt som kjem seinare, med tanke på at ein no skal krevje nullutslepp. – Det var no det. Vi ønskjer utvikling av byane våre, vi ønskjer at alle område og alle tilbod til innbyggjarane – det vere seg gangveg, sykkel, kollektiv, trikk, jernbane og buss, og bilen – skal kunne fungere i lag. Det er det vi ønskjer. Bilen er ikkje eit problem, bilen er ein del av løysinga. Det er det som er utgangspunktet, og då må ikkje andre parti forsøkje å framstille det som om vi i FrP ikkje ønskjer utvikling av byane. Det gjer vi, men vi ønskjer at folk skal velja sjølve, og at bilen har ein likeverdig posisjon med alle andre tilbod til innbyggjarane.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
