Innlegg · 12. mai 2026

Frank Edvard Sve
Frank Edvard Sve
Fremskrittspartiet·Møre og Romsdal

SakMøte tirsdag den 12. mai 2026 kl. 10

Innlegget

Eg har sagt tidlegare, angåande Grunnlova § 82, at ein statsråd skal forhalde seg til sanninga og realitetane. Då synest eg det vert påfallande, eller eigentleg bortimot useriøst, når samferdselsministeren igjen snakkar om FrP og bompengar og at vi liksom auser ut bompengar i alle samanhengar. Realiteten og fakta i den samanhengen er at bompengeandelen gjekk ned frå 40 pst. til 28 pst. per prosjekt, altså ein kraftig nedgang per prosjekt. Vi bygde då vegar i bøtter og spann, det lukta asfalt, det var masse prosjekt, og då vart det sjølvsagt også fleire enkeltprosjekt – men andelen gjekk altså kraftig ned. Vi fekk 16 pst. i det valet, vi hadde ikkje fleirtal aleine, og det burde statsråden vite. Eg håpar det er siste gongen eg høyrer dette, for dette held rett og slett ikkje mål. Det er slik at vi har kjempa i denne salen, i sak etter sak etter sak, for å setje ned bompengane i mange prosjekt. Når det gjeld Ryfast, fremja underteikna og Morten Stordalen tre gongar framlegg om å kutte bompengane i det prosjektet. Den fjerde gongen, då Raudt også fremja det, vart det plutseleg fleirtal, fordi Senterpartiet skifta side. Det prosjektet vart sett ned med 33 pst. – 33 pst mindre bompengar. Ja, det nyttar faktisk å kjempe. Kvar gong sa samferdselsministeren det same, at vi auser på med masse bompengar, og det vi måtte forstå, var at det var lokalbefolkninga som ville det, og at det var lokalpolitisk forankra, osv. – same leksa som kjem no. Men vi har faktisk klart å setje ned bompengane. Kva skjedde då vi var i regjering? Vi kutta over 20 mrd. kr i bompengar, i lag med Høgre og dei andre borgarlege partia. Vi hadde eit bompengefritt Møre og Romsdal, mitt eige fylke – 1,3 mrd. kr. Etter at det vart ny regjering, med Arbeidarpartiet og Senterpartiet, gjekk det berre nokre veker før dei nye bommane kom. Kom ikkje her og sei framfor representantane at FrP ikkje kjempar for innbyggjarane og for å setje ned bompengane, for det gjer vi kvar einaste dag. Vi gjer det også i denne saka, vi kjem til å gjere det i andre saker, og vi kjem til å gjere det i all tid framover, for bompengar er urettferdig. Bilistane betaler så mykje for bil og bilrelaterte avgifter den dag i dag. Kvifor betaler vi vegbruksavgift? Bilistane skal betale for bilen, for drivstoff og for å bruke vegane, og så skal dei betale bompengar? Byvekstavtalane har også bompengar, og når elbilane ikkje betalte bompengar, så måtte dei få bompengar likevel. Det er jo grenser for kva bilistane skal betale. Vi kjempar mot bompengar, og vi kjem alltid til å gjere det.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat