Innlegget
Vinterturisme har blitt ei stadig viktigare næring for mange lokalsamfunn i Noreg, og særleg i nord. Fleire besøkande betyr auka aktivitet, større verdiskaping og fleire arbeidsplassar i distrikta. Dette er positivt, og det er viktig at vi legg til rette for at ei vidare utvikling av reiselivet kan fortsetje. Samtidig ser vi at auka vinterturisme òg fører med seg utfordringar: Fleire bilar på vintervegane gjev større belastning på infrastruktur, fleire trafikkfarlege situasjonar og auka press på beredskap og offentlege tenester, spesielt i område med krevjande vêr- og køyreforhold. Senterpartiet meiner difor at vi må møte desse utfordringane med målretta tiltak og ikkje med unødvendig byråkrati. Trafikksikkerheita må styrkjast gjennom tydeleg ansvarsdeling og betre bruk av eksisterande verkemiddel. Vi meiner at utleigeselskapa må ta eit større ansvar. Turistar som leier bil i vinterutsette område, må få nødvendig informasjon og kompetanse før bilen vert utlevert. Difor støttar vi intensjonen om at leigebilselskapa skal sikre at sjåføren har grunnleggjande forståing for vinterkøyring. Senterpartiet føreslår konkret at Stortinget ber regjeringa vurdere å innføre krav om obligatorisk, digitalt informasjons- og opplæringsopplegg om vinterkøyring for personar med førarkort frå land utan obligatorisk glattkøyring. Gjennomføringa må bekreftast før køyretøy kan utleverast i område med krevjande vinterforhold. Vidare føreslår vi at regjeringa vurderer krav til dokumentert vinterkøyringskompetanse for arbeidstakarar med førarkort frå land utan obligatorisk glattkøyringskurs, og som har transportoppgåver i reiselivsnæringa i område med krevjande vinterforhold. Dette handlar om å målrette tiltaka der behova faktisk er størst. Vi meiner det vil vere urimeleg å innføre generelle krav som òg rammar norske sjåførar, eller personar frå land der glattkøyring allereie er ein obligatorisk del av føraropplæringa. Vidare meiner vi i Senterpartiet at Statens vegvesen må vere meir synleg og til stades der utfordringane oppstår. God informasjon og kontrollar kan førebyggje ulykker og skape tryggleik både for turistar og for lokalbefolkning. Målet må vere tryggare vintervegar, betre informasjon og eit berekraftig reiseliv utan unødvendig byrde for folk og næringsliv. Med det tek eg opp Senterpartiet sine forslag.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
