Innlegget
Norsk sjømatnæring er ein berebjelke i verdiskapinga langs kysten vår. Ho skapar arbeidsplassar, aktivitet og framtidstru i små og store lokalsamfunn over heile landet. For Senterpartiet er det avgjerande å leggje til rette for at denne næringa framleis skal utvikle seg og skape verdiar i heile Noreg, men vi må samtidig ta på alvor dei utfordringane som følgjer med den aukande veksten av oppdrettsfisk, òg på norske vegar. Avrenning frå fisketransport er ikkje berre eit irritasjonsmoment, det er eit trafikkproblem. Når vatn frys til is på vegbanen, når is losnar frå køyretøy i fart, eller når lys på vogntog vert tildekte, oppstår det farlege situasjonar for både yrkessjåførar og andre trafikantar. Difor meiner Senterpartiet at vi treng tiltak som verkar. I lag med Raudt og Miljøpartiet Dei Grøne føreslår vi at Stortinget ber regjeringa stille krav til bruk av tett emballasje ved pakking og transport av oppdrettsfisk. Bakgrunnen for dette er tydeleg dokumentert. Statens vegvesen viser til at det finst tekniske løysingar som reduserer avrenning betydeleg. Dei peikar bl.a. på at Mowi allereie har teke i bruk tette kasser, og at dette gjev klare forbetringar langs vegane. Samtidig viser Nofima-rapporten at utfordringane må løysast i heile verdikjeda. Det handlar ikkje berre om lastebilar, det handlar òg om korleis fisken vert kjølt ned før han skal pakkast og sendast ut til transport. Rapporten viser at dersom fisken held under éin grad før pakking, vert smeltevatn og avrenning reduserte betrakteleg. Det betyr at produsenten spelar ei nøkkelrolle. Transportørane må gjere sin del av jobben, men det må òg slakteria og oppdrettsnæringa gjere. Senterpartiet meiner difor at ansvaret må delast. Vi trur ikkje på å skuve heile problemet over på sjåførane åleine. Skal vi lykkast, må heile næringa bidra. Vi registrerer òg at nokre peikar på kostnadene og auka avfallsmengde som argument mot omstilling. Det er forståeleg at endringar kan vere krevjande, men samtidig viser erfaringar at løysingar finst, og at fleire aktørar allereie har vist at det er mogleg å redusere avrenninga betydeleg. For Senterpartiet handlar dette om å finne praktiske løysingar som ivaretek både trafikksikkerheit, miljøomsyn og konkurransekrafta til norsk sjømatnæring og transportnæring. Vi skal framleis ha ei sterk havbruksnæring langs kysten, men vi skal òg sørgje for trygge vegar for dei som skal ferdast på dei kvar einaste dag. Med det tek eg opp forslaget Senterpartiet er med på. Vi støttar Arbeidarpartiets forslag subsidiært.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
