Innlegget
Senterpartiet deler ambisjonane om å redusere kø og utslepp og om å gjere det meir framkommeleg i og rundt dei største byområda. Det er viktig å understreke at vi ikkje er imot samkøyring. Betre utnytting av kapasiteten i transportsystema er viktig, og samkøyring kan for mange vere eit fornuftig og praktisk val. Spørsmålet i denne saka er ikkje om samkøyring er ein god idé i seg sjølv, men om dei verkemidla Venstre føreslår, er rette og treffsikre. Senterpartiet kan ikkje støtte forslaga slik dei er utforma. Forslaget om gratis eller rabattert bompengepassering for enkelte grupper inneber at andre bilistar må betale meir. Dette er, etter Senterpartiets syn, verken rettferdig eller ein berekraftig måte å utvikle bompengesystemet på. Vi har vore tydeleg på dette tidlegare og meiner at det er viktig å halde fast på ei føreseieleg linje. Når det gjeld byvekstavtalar, meiner Senterpartiet at desse allereie er omfattande og byggjer på eit breitt sett av verkemiddel. I byområda er hovudgrepet å styrkje kollektivtransporten og leggje til rette for gange og sykling, kombinert med restriktive tiltak for bilbruk. Samkøyring kan vere eit supplement, særleg i randsoner, men bør ikkje løftast fram som eit nytt hovudverkemiddel. Framfor å opne kollektivfelta for samkøyring, meiner Senterpartiet at vi bør prioritere kollektiv og tungbilar. Det gjev betre flyt, og det sikrar at dei som faktisk treng vegen, får litt betre plass. Når det gjeld digitale løysingar som inneber betaling til sjåfør, reiser dette alvorlege spørsmål om regelverk, forsikring, ansvar og passasjersikkerheit. Eg trur ikkje at folk er klare over kor store konsekvensar det kan ha å betale for å setje seg inn i ein bil som ikkje er rett forsikra. Har ein forsikringa i orden dersom ein har teke betalt for å køyre ein passasjer og det skjer ei ulykke? Kven vurderer sikkerheita til sjåføren? Kva med den tekniske standarden på køyretøyet? Eg vil gå så langt som å seie at forslaget, slik det er utforma, er dårleg.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
