Innlegg · 12. mai 2026

Geir Inge Lien
Geir Inge Lien
Senterpartiet·Møre og Romsdal

SakMøte tirsdag den 12. mai 2026 kl. 10

Innlegget

Med opninga av rv. 4 Roa–Lygna fekk Hadeland opna enda ei strekning som bind regionen i hop og aukar trafikksikkerheita. Prosjektet er bompengefinansiert, forankra i lokalpolitiske vedtak. Takstane i dag er lågare enn føresett då ein vedtok bompengeopplegget. Senterpartiet er ikkje imot bompengar, men det føreset lokalpolitisk tilslutning, og bilistane må oppleve at det dei betalar, står i stil med det dei får igjen. I tilfellet rv. 4 Roa–Lygna er gjennomsnittstakstane lågare enn føresett, bl.a. fordi trafikkgrunnlaget er høgare. Senterpartiet ser difor ikkje at det er noko stort behov for inngripen frå Stortinget. Dersom det likevel er eit ønske om å setja ned takstane ytterlegare, må det kome etter eit lokalpolitisk initiativ og gjennom ei utvida innkrevjingstid, slik Senterpartiet føreslår. Med det tek eg opp forslaget vårt.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Geir Inge Lien (Senterpartiet) — Innlegg · 12. mai 2026 — OverStortinget