Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 12. mai 2026

Geir Inge Lien
Geir Inge Lien
Senterpartiet·Møre og Romsdal

SakInnstilling fra transport- og kommunikasjonskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Kristian August Eilertsen, Per-Willy Amundsen og Bård Hoksrud om å sette i gang et forprosjekt for ny innfartsveg til Tromsø (Innst. 241 S (2025–2026), jf. Dokument 8:177 S (2025–2026))

Innlegget

Det er ikkje tvil om at dette er et viktig prosjekt. Vi var akkurat på komitéreise og fekk verkeleg sjå behova i den landsdelen òg. Tromsø har utfordringar med inn- og utfart, der den ligg midt i Tromsøysundet og er eit bu- og arbeidsområde som er avhengig av gode forbindingar til begge sider av fjorden og vidare ut av fylket. Senterpartiet er einig i at ny innfartsveg til Tromsø er viktig for både folk og næringsliv, men òg for beredskapen til Nord-Noregs største by. Vi må sjå slike prosjekt i samanheng. Senterpartiet meiner denne oppgåva er såpass stor at det er meir fornuftig å avvente prosessen med Nasjonal transportplan og få det inn der. Det må sjølvsagt òg ha lokalpolitisk tilslutning. Vi kjem difor ikkje til å støtte forslaget i dag, men forheld oss til dei prosessane som går.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat