Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 12. mai 2026

Geir Pollestad
Geir Pollestad
Senterpartiet·Rogaland

SakInnstilling fra næringskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Geir Pollestad, Trygve Slagsvold Vedum, Bengt Fasteraune, Erling Sande og Ole Herman Sveian om naturskadeordningen (Innst. 258 S (2025-2026), jf. Dokument 8:134 S (2025-2026))

Innlegget

Senterpartiet har det enkle utgangspunktet at når noko ikkje fungerer, må me prøva å endra det. Det er ingen tvil om at dei erfaringane ein har sett etter flaumen Hans, viser at naturskadeordninga i si noverande form ikkje fungerer. Det er behov for endring. Eg er glad for at forslaga nr. 4 og 6 kjem til å få fleirtal. Det er jo heilt meiningslaust at ein skal inn i ei stor byråkratisk kvern viss det er behov for å gjera inngrep etter ein flaum i eit verna vassdrag. Det er det ingen grunn til. Her må me stola på den private eigedomsretten og det lokale vettet. Det er det fleirtalet i Stortinget gjer. Så er det sånn at forslag nr. 6 pålegg landbruksministeren og regjeringa å føreta ein gjennomgang av ordninga og sjå korleis ein kan bruka det lokale initiativet og den lokale energien betre for å unngå at situasjonar som den me har hatt etter Hans, oppstår på ny. Det er eit problem at matjord vert prioritert veldig lågt i flaumsamanheng. Det gjeld i regelverket, og det gjeld i NVEs praksis. Eg meiner at ein må sjå hen til måla om auka matproduksjon og auka sjølvforsyning og prioritera matjord høgare når det gjeld flaumvern. Det er òg verdt å merka seg at Arbeidarpartiets posisjon i innstillinga er at ting fungerer bra. Dette skal ein sjå på, men det fungerer stort sett bra, og ein niheld på at Landbruksdirektoratet er dei i verda som er best eigna til å gjera dette. Eg er usikker på om det er rett. For historieskrivinga sin del skriv FrP og Høgre i sine merknader, og representanten Larsen sa det òg i dag, at i 2018 gjekk det så fort. Det er verdt å minna på at situasjonen ein hadde i 2018, ikkje var naturskadar; det var avlingssvikt. Det er eit heilt anna regelverk. Òg etter flaumen Hans gjekk handteringa av avlingssvikten svært godt. Det er verdt å leggja merke til at der har kommunane ein sentral rolle i arbeidet. Det bør ein læra av, og det bør ein òg gjera gjeldande når det gjeld naturskade. Framtida vil gje oss meir ekstremvêr. Då må me ha eit system som gjev sikkerheit for dei som produserer maten vår, og difor er det viktig å gjera dei vedtaka som Stortinget gjer i dag. Så skal ikkje Senterpartiet sørgja så veldig over alle dei gode forslaga me har fremja som i dag ikkje får fleirtal. Eg tek opp dei forslaga som gjenstår.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat