Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Replikk · 12. mai 2026

SakInnstilling fra næringskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Geir Pollestad, Trygve Slagsvold Vedum, Bengt Fasteraune, Erling Sande og Ole Herman Sveian om naturskadeordningen (Innst. 258 S (2025-2026), jf. Dokument 8:134 S (2025-2026))
Innlegget
Eg kan starta med å oppklara ein ting i spørsmålet til representanten Johnsen, og det er om ein sat og venta på kvarandre. I den tida eg hadde gleda av å vera landbruksminister, sat eg aldri og venta på Sandtrøen – det kan eg med dette bekrefta. Eg tenkjer at det er fornuftig i handteringa av sakene etter Hans å ikkje skifta opplegg eller innretning på ordninga, det ville ikkje vore veldig smart, men det som er viktig, er jo ikkje å sjå bakover, men å sjå framover. Kva kan me læra av dette? Kva kan me gjera betre i framtida? Eg veit at det er mange kommunar, organisasjonar og andre som har synspunkt og meiningar om dette. Då er spørsmålet mitt til landbruksministeren om han har hatt møte med dei kommunane som opplevde Hans, og organisasjonar og andre, og fått innspel om framtidas naturskadeordning.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat